HISTORIKK
Einar Nordaker (1897-1969) kom frå Nedstrand i Ryfylke. I vaksen alder slo han seg ned i Stavanger der han dreiv "Kledeshandel". Han var ivrig med i Bondeungdomslaget i Stavanger. I forbindelse med folkedans kom han og til å engasjere seg aktivt i det bunadsarbeidet - ei blanding av vidareføring, gjenopptaking og nyskaping - som gjekk føre seg i Rogaland i byrjinga av dette hundreåret. Det var inga levande folkedraktbruk i fylket på denne tida, men eit stort arbeide blei lagt ned for å skapa bunader på grunnlag av enkle plagg og anna materiale.
Hulda Garborg var ein stor inspirator og autoritet i det folkelege kulturvernarbeidet frå århundreskiftet og fram til ho døydde i 1934. På grunnlag av dei norske folkevisene og den levande dansetradisjonen på Færøyane skapa ho songdansen. I arbeidet med å samla kulturminner var Bondeungdomslaget i Stavanger i 1908 svært aktive. Samstundes med dette blei det sett i gong eit betydeleg bunadsarbeide i Rogaland. Ved sida av Magnus Våge var Einar Nordaker den som særleg vert framheve som ei av drivkreftene i dette arbeidet. Einar Nordaker la særleg vekt på meir variasjonar i bunaden, både i materiale og broderimotiv. Frå og med 1941 markedsførte han - i eigen butikk - Rogalandsbunaden slik han hadde vidareført og utvikla denne . Dette arbeidet ligg føre Nordaker Bunader sine bunader og variasjonar.
Broderimotiva er laga med utgangspunkt i eit sentralt mønster funne på gamle plagg som luer eller sjal. Det er 7 ulike mønster, der mønstera har navn etter den staden der originalplagget vart funne. Alle mønstra kan leverast i fire forskjellige fargar; svart, blå, mørkeblå og grønn. Skjørtet kan enten være drape eller damask. Vestane kan varierast både i kvalitet og farge.
 

Nordaker Bunader a/s, Østervåg 19, 4006 Stavanger. Tlf. 51 89 70 40. E-mail: butikk@nordakerbunader.no

Design www.webloftet.no©2006-2008